Nyhetsartikkel

Spelemiddel og folkehelse; kommunane utnyttar ikkje ordninga

Publisert 10.11.2016

Styresmaktene har sagt at meir spelemiddel skal gå til eigenorganisert fysisk aktivitet. To av tre vaksne nordmenn brukar kroppen sin for lite. Det største potensialet for betring ligg sannsynlegvis i at fleire går meir i nærmiljøet sitt, meir kvardagsaktivitet. Ein ny NINA-rapport viser at få kommunar søkjer spelemiddel til tilrettelegging av turvegar og turstiar.
 

 Få kommunar søkjer spelemiddel til tilrettelegging av turvegar og turstiar. Ein ny NINA-rapport foreslår ni betringstiltak. Foto: Steinar Haugberg, Samfoto
Få kommunar søkjer spelemiddel til tilrettelegging av turvegar og turstiar. Ein ny NINA-rapport foreslår ni betringstiltak. Foto: Steinar Haugberg, Samfoto

Ein halvtimes dagleg gange er nok til å nå det viktige minstenivået. Dette er det internasjonal semje om. Og det er godt nok å gå for å oppnå helsegevinsten, seier seniorforskar i NINA, Odd Inge Vistad

–Mange nærmiljø er dårleg egna for å gå eller sykle. Med politisk vilje og god planlegging kan kommunane  betre situasjonen. Av og til er det enkelt og billig, andre gonger dyrt og meir komplisert. Om ein ikkje nyttar spelemiddelordning så går kommunane glipp av den kanskje største finansieringskjelda for betre folkehelse, seier Vistad.

Den organiserte idretten vinn

I forskingsprosjektet NÆRTUR har forskarar ved NMBU, NTNU og NINA undersøkt om og korleis spillemidla vert brukt for å etablere turvegar og turstiar i nærmiljøet.

Konklusjonen er:

  • Nærturanlegg blir ikkje prioritert når fylket informerer og kommunane skal søkje om spelemiddel i arbeidet med kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet
  • I medverknadsprosessen er idrettsråda med, medan tur- og friluftsinteressene oftast er svakt representert. Sterke og organiserte særinteresser vinn fram på kostnad av dei eigenorganiserte.
  • Heller ikkje i åra som kjem ser det ut som om etablering av turvegar og turstiar i nærmiljøet blir prioritert i kommunane

–Anlegg som gjer det enkelt å ta fotturar i nærmiljøet er populære, og vår eiga forsking syner at slike turar appellerer til alle, er tilgjengelige for alle og er viktige for folkehelsa. Særleg er slike anlegg viktige for dei vaksne, seier Vistad.

–Mange kommunar legg godt tilrette for turgåing, det vert rydda og skilta mange flotte turruter og særleg turstiar. Som oftast vert det gjort enkelt med lite eller med anna finansiering, og ofte saman med frivillige entusiastar. Spelemidla er dermed ein uutnytta ressurs i dette arbeidet, seier forskarane.

Sjølv om fordelinga av spelemiddel er den største statlege finansieringskjelda for å auke den fysiske aktiviteten i Noreg, viser undersøkinga at i dei femten kommunane som er undersøkt har berre ein svært liten del av midla gått til NÆRTUR-anlegg. Det er den organiserte idretten som vert prioritert ved både søknad og tildeling av spelemiddel. 

Foreslår ni betringstiltak

Rapporten foreslår ni betringstiltak som kan auke bevisstheten, betre informasjonen og gje meir målretta planarbeid. Mellom anna foreslår ein  å setje av ein viss del av spelemidla til anleggskategoriane turløyper, turstiar og turveger.

Les rapporten:

Thorén, K.H., Skjeggedal, T. & Vistad, O.I. 2016. Kommunale planer for idrett og fysisk aktivitet. Om spillemidlenes betydning for å etablere turveier og turstier i nærmiljøet. NINA Kortrapport 26. 71 s. + vedlegg

Forskingsprosjektet NÆRTUR er eit samarbeid mellom NINA, NMBU og NTNU. NINA er prosjektansvarlig, og det er Forskingsrådet (program Bedre Helse) som finansierer hovudprosjektet. Helsedirektoratet har gjeve stønad til dette delprosjektet om bruken av spelemidla. Professor Anne-Karine Halvorsen Thoren har vore ansvarleg for delprosjektet.

Kontaktpersonar:

NINA: Seniorforskar Odd Inge Vistad. Kontakt: tlf: 93466709, odd.inge.vistad@nina.no

NMBU: Professor Anne-Karine Halvorsen Thoren. Kontakt: 41278936 /67231295, Kine.Thoren@nmbu.no

NTNU: Professor Terje Skjeggedal, Kontakt: tlf: 73595028/ 99634048, terje.skjeggedal@ntnu.no

Helsedirektoratet: Avdelingsdirektør Jakob Linhave: Kontakt :24163920/93002049, Jakob.linhave@helsedir.no

 

""Ein halvtimes dagleg gange er nok til å nå det viktige minstenivået. Dette er det internasjonal semje om. Og det er godt nok å gå for å oppnå helsegevinsten, seier seniorforskar i NINA, Odd Inge Vistad. Foto Vegard Gundersen/NINA.

   Motta nyhetsbrev fra nina