Nyhetsartikkel

Det kryr av ubodne gjestar

Publisert 23.06.2017

Godt gøymd i jordklumpen til ei timianplante sneik ein svartelista argentinamaur seg inn i landet. Han var langt frå åleine, viser overvakingsprosjekt.

Argentinamauren er ein kosmopolitt som har spreidd seg til alle verdsdelar. Foto: Arnstein Staverløkk (CC BY-SA 4.0).
Argentinamauren er ein kosmopolitt som har spreidd seg til alle verdsdelar. Foto: Arnstein Staverløkk (CC BY-SA 4.0).

Importen av planter har fleirdobla seg dei siste to tiåra. Med desse kjem og ubodne gjestar. Dei gøymer seg i bladverk og jordklumpar, og snik seg oftast usett inn i landet som blindpassasjerar i importkonteinarane.

Vi har inntil nyleg visst svært lite om kva som kjem inn til landet på denne måten, og kva risiko dei utgjer for naturmangfaldet vårt. Eit treårig overvakingsprosjekt viser at ikkje berre er dei mange, men at fleire av dei også kan etablere seg her.

– Vi har påvist svært mange artar, og fleire av dei er rekna som verstingar og er svartelista. Men svært mange av artane er ikkje risikovurderte, og desse veit vi lite om skadepotensialet til, fortel prosjektleiar Inga Elise Bruteig, som er forskingssjef i NINA.

 

661 831 virvellause blindpassasjerar

Forskarane tok prøver frå 60 konteinarar med planter importert med jordklump til Norge i 2014 til 2016. Dette er om lag 1 prosent av alle importkonteinarane med denne varetypa.

Dei fokuserte på karplanter og virvellause dyr, i hovudsak insekt og spretthalar. I alt registrerte dei 661 831 individ av virvellause dyr og 16 417 individ av karplanter som blindpassasjerar i planteimport til Noreg. Blant desse identifiserte dei 80 framande artar av virvellause dyr og 59 framande karplanteartar.

– Det er eit omfattande arbeid å drive ut invertebratar og dyrke fram frøbanken i desse jordprøvene, og eit imponerande identifiseringsarbeid av ekspertar på karplanter og ulike insektgrupper og spretthalar, framhevar Bruteig.

Mange av artane er heilt ukjende her heime, og er påvist for første gong i Norge gjennom dette prosjektet.

Pallar med importplanter. Foto.

Importen av planter har fleirdobla seg dei siste to tiåra. Foto: Anders Endrestøl / NINA.

 

Kosmopolitten argentinamaur og nokre andre ubodne gjestar

Den desidert vanlegaste billa i jordprøvene var kortvingen Carpelimus zealandicus. Det vart funne meir enn 1 000 eksemplar av denne arten i jord frå 25 ulike importerte planteartar, og den er påvist talrikt også inne i importlokala. Arten er påvist etablert i Sverige, men der er så langt ikkje registrert funn av denne kortvingen frittlevande i Norge.

Carpelimus zealandicus. Foto.

Kortvingen Carpelimus zealandicus var talrik i prøvene. Foto: Arnstein Staverløkk / NINA.

Ugrasmjølke og andre framande mjølkeartar er døme på artar som spirer frå innført jord. Ugrasmjølke har no vorte svært vanleg i store delar av landet nord til Harstad og Tromsø, og spreidd vidare til Kautokeino i Finnmark. I låglandet på Austlandet er ugrasmjølke no langt meir vanleg enn alle våre heimlege mjølkeartar, også i naturleg vegetasjon.

Kva så med argentinamauren i timianpotta? Denne søramerikanske mauren står på den internasjonale naturvernunionen (IUNC) si liste over dei 100 verste invaderande framandartane i verda. Den er ein kosmopolitt som har spreidd seg frå Sør-Amerika til nesten alle verdsdelar. Arten dannar superkoloniar og fortrengjer lokale maurartar, og den kan være ein pest innandørs. Det er truleg for kaldt til at arten vil etablere seg utandørs hos oss, men ved høgare temperatur er det venta at mauren også vil kunne få fotfeste i Norge.

 

Alle artane i varene på eksportstaden kjem truleg hit

Sjølv om forskarane fann mange framande artar under overvakinga, kom majoriteten av blindpassasjerane seg usett over grensa.

– Me har påvist berre ein brøkdel av alt som faktisk kjem inn, fortel Bruteig.

Modellberekningar viser at importen frå dei store eksportlanda Tyskland og Nederland er så høg at alle artane som finnes i desse varene på eksportstaden truleg kjem til Noreg i løpet av eitt år. For land vi importerer mindre mengder frå vil det ta lengre tid før alle artar blir importert – men alle artar kan potensielt hamne i norske hagar og parkar.

 

Forsøk med miljøstrekkoding

For å auke sjansen for å oppdage fleire av artane som kjem inn, gjorde forskarane forsøk med miljø-DNA-strekkoding som eit supplement til dei manuelle metodane. Dette vil seie at ein tek prøver av miljøet, i dette tilfellet jord, for så å studere korte DNA-bitar, DNA-strekkodar, som kan brukast til å identifisere ulike artar eller grupper av artar som er eller har vore i jorda.

– Vi fann færre artar ved bruk av Miljø-DNA enn ved den manuelle gjennomgangen, men denne piloten har likevel gitt nyttig erfaring. Vi ser at miljø-DNA har stort potensiale i ei standardisert overvaking, og vi tilrår at metoden vidareutviklast med tanke på å kunne supplere eller erstatte ein del av dei manuelle metodane, konkluderer Bruteig.

 

Kan fortrenge artar

Med denne straumen av framande artar til norske hagar og grøntområde, er det potensiale for at nokre skal etablere seg i naturen og fortrenge stadeigne artar.
For å vurdere risikoen for dette søkte forskarane etter framande artar både i og omkring importlokalitetar og plantesenter. Der fann dei ei rekkje artar som er i spreiings- og etableringsfase.

– Mange eksotiske blindpassasjerar vil ikkje overleve den norske vinteren, men med forventa klimaendringar vil stadig fleire artar kunne etablere seg og spreie seg i naturområde som ikkje har utvikla forsvarsmekanismar mot desse artane. Dette er eit stort problem globalt, og vi ser også her til lands at stadig fleire framande artar konkurrerer ut heimlege artar og påverkar sårbare naturtypar, seier Bruteig.

 

Framlegg til tiltak og overvaking

I ein eigen rapport har forskarane skissert tiltak og framlegg til framtidig overvakingsprogram bygd på erfaringane frå dette prosjektet.
Dei tiltaka som vil ha størst effekt, er knytt til restriksjonar på eksportsida som kan bidra til at færre artar haikar over grensa med planter og jord. Dette kan til dømes vere krav om sterilisering eller forbod mot import av jord. Andre typar tiltak er fast overvaking av importen, tiltak som kan skape interesse rundt problemstillingane og ei løpande risikovurdering basert på økologisk kunnskap om dei framande artane. Det siste er viktig for å kunne handle raskt  ved funn av risikoartar.

Kontaktperson: Prosjektleiar Inga E. Bruteig

Les rapporten: Bruteig, I.E., Endrestøl, A., Westergaard, K.B., Hanssen, O., Often, A., Åström, J., Fossøy, F., Dahle, S., Staverløkk, A., Stabbetorp, O. & Ødegaard, F. 2017. Fremmede artar ved planteimport – Kartlegging og overvåking 2014–2016. – NINA Rapport 1329. 221 s.

Les òg: Bruteig, I.E., Dahle, S., Endrestøl, A., Fossøy, F., Hanssen, O., Often, A., Staverløkk, A., Westergaard, K.B. & Åström, J. 2016. Framande artar med planteimport. Framlegg til tiltak og overvaking. – NINA Kortrapport 39. 25 s.

 

   Motta nyhetsbrev fra nina