News

 

Ikkje lenger tvil om genetisk påverknad

Publisert: 15. mars 2017
Tekst: Camilla Næss

Det er ikkje lenger tvil om at rømt oppdrettslaks påverkar genane til villaks. Det er konklusjonen etter at forskarar har gått gjennom og samla all tilgjengeleg kunnskap for å sjå om det er mogeleg å konkludere. Sjølv omtalar forskarane den nye publikasjonen som eit leksikon over genetisk påverknad.

Ikkje lenger tvil om genetisk påverknad
Gaula. Foto Eva B. Thorstad/NINA

Tekst: Beate Hoddevik/Havforskningsinstituttet

Forskarane bak publikasjonen har gjort eit omfattande arbeid. Dei har gått gjennom over 300 publiserte artiklar frå ulike land og forskingsmiljø, og er no klare på at villfisk utan tvil vert genetisk påverka av rømt oppdrettslaks dersom denne kjem seg opp i elvane og klarar å gyte saman med villlaksen.

Omfattande kunnskapsgrunnlag

–Eit viktig bidrag i analysen vår er to artiklar frå Noreg som er publisert dei siste åra (se lenker under). Desse har gitt oss data på kor mykje innblanding det er frå rømt oppdrettsfisk i omtrent 125 norske elvar, desse resultata er unike sidan det ikkje er gjort tilsvarande studiar i noko anna land, fortel Kevin Glover som er forskar ved Havforskingsinstituttet og har leia arbeidet med den nye publikasjonen.

Dei to omtalte artiklane kan lesast her:

Forskarane bak publikasjonen seier at kunnskapsgrunnlaget når det gjeld genetisk påverknad på vill laksefisk no er så omfattande, at den langvarige debatten som har gått på om oppdrettslaks har spreidd genane sine til naturen no bør endrast til kva konsekvensar det har at rømt laks påverkar genane til villaks.

Fleire institusjonar står bak publikasjonen

Også forskarar frå NINA har vore med på arbeidet, dei er like klare i si oppfatning av situasjonen:

– Vi kan ikkje lenger tvile på at rømt oppdrettslaks har satt eit genetisk spor etter seg i naturen og det er eit stort steg framover når det gjeld kunnskap på dette feltet, seier Kjetil Hindar som er forskingssjef på NINA og medforfattar på publikasjonen.

Veit mykje om kva genetisk påverknad fører til

Både Havforskingsinstituttet og NINA har over fleire år sagt at rømt laks og risiko for genetisk påverknad på ville bestandar er ein av dei mest alvorlege utfordringane knytt til norsk oppdrettsnæring. Problemstillinga har mellom anna vore trekt fram i Havforskingsinstituttet si årlege risikovurderinga av norsk fiskeoppdrett. I det nye arbeidet har forskarane summert all tilgjengeleg kunnskap, nokre av dei viktigaste punkta er:

  • Oppdrettslaks er domestisert, altså gjort til husdyr og utvikla gjennom arbeid med avl. Det fører til dømes til at oppdrettslaksen blir opp til fem gonger så stor som vill laks i same tidsrom når dei får oppdrettsfôr.
  • Rømt oppdrettslaks har lågare gytesuksess enn vill laks, likevel lukkast ein del rømt fisk å gyte i elvane. Innkrysning av rømt oppdrettslaks er no godt dokumentert i mange vassdrag i Noreg.
  • Avkom av oppdrettslaks har redusert overleving i naturen – dette er godt dokumenterte i tre elvar der det er full kontroll med opp- og nedvandrande fisk.
  • Avkom av oppdrettslaks konkurrerer med den ville laksen om dei same leveområda og den same maten. Det betyr at det i kvar elv vil bli produsert færre smolt der begge foreldra er villfisk, og det totale talet på smolt vil truleg også bli redusert. I tillegg kan vi forvente ein reduksjon i talet på laks som returnerar til elvene som vaksne.
  • Vi forventar også å sjå forandringar i viktige eigenskapar i bestandar der oppdrettslaks har kryssa seg inn. Forsøk har vist at innkryssing av oppdrettslaks både kan forandra kor gamal fisken er før den vandrar til havet, og kor mange år den er i sjøen før den vandrar tilbake til elva for å gyte. Ei slik endring vil òg føre til redusert overlevelse, slik vi har sett i kontrollerte elvar.
  • Det er også dokumentert ein reduksjon i genetisk forskjell mellom ville laksebestandar der oppdrettslaks har kryssa seg inn. Det skjer fordi rømt oppdrettslaks har begrensa genetisk bakgrunn. I praksis betyr det at den genetiske forskjellen mellom bestandar blir redusert fordi oppdrettslaks som har begrensa genetisk diversitet blir blanda inn, konsekvensen av dette er at etter svært lang tid begynner alle å sjå like ut.

Effektane av rømt oppdrettslaks vil variere frå bestand til bestand, avhengig av mellom anna innblandingsnivå, bestanden sine eigenskapar og kor robust den er.

I følgje Glover er det også viktig å sjå problema som røming skapar i samanheng med andre utfordringar som laksen har. Laksen har mange utfordringar, til dømes lakselus, endra vassføring i elvane i samband med kraftutbygging og tilgang til mat i havet, innkrysning kjem på toppen.

Les artikkelen: 

Half a century of genetic interaction between farmed and wild Atlantic salmon: Status of knowledge and unanswered questions

Kontakt:

Kjetil Hindar, forskningssjef i NINA

Kevin Glover, Havforskningsinstituttet

Skriv ut
Search for articles
News archive

Archive

Norwegian Institute for Nature Research

NINA is an independent foundation for nature research and research on the interaction between human society, natural resources and biodiversity.
Follow us on: