Tekst: Beate Hoddevik Sunnset/Havforskingsinstituttet
Dette kjem fram i den foreløpige statusrapporten om lakselusinfeksjon på vill laksefisk som Havforskingsinstituttet har levert til Mattilsynet. Overvakinga blir utført av Havforskingsinstituttet i samarbeid med Norsk institutt for naturforsking (NINA). Også UNI Miljø deltek i arbeidet.
Betre enn i fjor
–Dei foreløpige tala indikerer at infeksjonspresset frå lakselus så langt har vore svært lavt i Rogaland. Infeksjonspresset har også vore lavt i Hardangerfjordsystemet, Sognefjordsystemet og Romsdal- og Trondheimsfjordsystemet, og lakselussituasjonen er til no i år betydelig betre enn i fjor, seier Pål Arne Bjørn som leiar den nasjonale overvakinga. .
I rapporten konkluderar forskarane med at resultata til no tyder på at 2013 blir eit år med lavt infeksjonspress langs delar av Vest- og Midt-Noreg om våren og forsommaren, og at både sjøaure- og laksesmolt ser ut til å ha fått lave infeksjonar under smoltutvandringa.
Infeksjonspresset aukar med temperaturen
Overvakinga held fram utover sommaren, og då vert også områda frå Namsenfjordsystemet og nordover inkludert. Sidan lakselusa si utvikling mellom anna er avhengig av sjøtemperaturen, tek det lenger tid før infeksjonspresset aukar i nord og overvakinga startar dermed seinare i dette området. Etter kvart som temperaturen stig, vert det også meir lus.
Vi forventar at infeksjonspresset vil auke langs heile kysten utover sommaren og hausten, det er ei naturleg utvikling etter kvart som sjøtemperaturen stig, seier Bjørn.
Les rapporten:
Framdriftsraport til mattilsynet over lakselusinfeksjon på vill laksefisk i mai og begynnelsen av juni 2013.
Kontaktperson i NINA: Bengt Finstad