Nyheter

 

Praktbok om fiske i Vågå, Jotunheimen

Publisert: 15. desember 2021
Tekst: Bjørg Bruset

Fiske har historisk hatt stor verdi for vagværane. No er dette dokumentert grundig og vel i ei ny bok om fiske i Vågå og Jotunheimen, heile femti fiskevatn er omtalt. Dette omfattar også Gjende, sjølve dronninga blant vatna i dette fjellriket.

Praktbok om fiske i Vågå, Jotunheimen

Trygve Hesthagen, seniorforskar i NINA, fekk tidleg interesse for fiske og fiskestell i Vågå. Tidleg på 1980- talet fikk han kontakt med fjelloppsynsmann Bjørn Groven, og det vart allereie da mykje snakk om fiske i eldre tid.

-Det var starten på mi interesse for fiske i Våga, sier Trygve Hesthagen.

Boka er gjeve ut på eige forlag. Medforfattar på boka er Einar Kleiven, som er oppvaksen i Vågå og pensjonert forskar frå NIVA.

Boka har omtale av fisk i førhistorisk tid, strid om fiskerettar og fiskevatn, forvaltning og kultivering. All fisk i Jotunheimen er sett ut, og boka  gjev  ei god oversikt over utbreiinga til dei ulike fiskeslaga. Boka omtalar også kor viktig fisken var som mat i tidlegare tider. Eit kapittel er via utviklinga av sportsfiske, og alt på midten av 1850-talet kom dei dei fyrste engelske sportsfiskarane til Jotunheimen Og ikke minst, boka har oversikt over fisk og fiske i femti vatn. Boka er rikt illustrert med over 200 bilete, mange av dei i eldre i svart og kvitt.

Boka er å få kjøpt i bokhandlar og i butikkar på Lillehammer, Ringebu, Vinstra, Otta, Vågå, Lom og Skjåk.

Kontakt: Trygve Hesthagen

Skriv ut
Søk etter nyheter
Nyhetsarkiv

Archive

Norsk institutt for naturforskning

NINA er en uavhengig stiftelse som forsker på natur og samspillet natur – samfunn.
Følg oss på: