Nyheter

 

Suksess for avlsprogrammet for fjellrev

Publisert: 26. februar 2016
Tekst: Camilla Næss

Rev nr. 300 er sett ut på Hardangervidda!

Suksess for avlsprogrammet for fjellrev
Utsette revar på Hardangervidda. Foto © Arild Landa/NINA.

I perioden 2006–2015 er det produsert nærare 400 kvalpar på avlsstasjonen for fjellrev på Oppdal. 301 av desse er sett ut i seks ulike fjellområde. I fire av desse var arten utrydda, men no er fjellreven re-etablert på Dovrefjell (Snøhetta/Knytshø), Finse og Junkern, og Hardangervidda er godt i gang. Allereie sist sommar var det minst éi yngling her, etter berre to år med utsetjingar.

I februar var leiar i Miljødirektoratet Ellen Hambro med på å setje ut kvalp nr 300. Etterkomarar etter utsette revar tel i dag meir enn 600 villfødde kvalpar, når ein inkluderer revar som har vandra ut og etablert seg i Sverige.

 Adm dir Ellen Hambro i Miljødirektoratet sette ut kvalp nr 300 på Hardangervidda – Foto: Arild Landa
Adm dir Ellen Hambro i Miljødirektoratet sette ut kvalp nr 300 på Hardangervidda. Foto © Arild Landa/NINA

Overvåkingsprogramma i Norge og Sverige viser at den skandinaviske fjellrevstamma tel i dag opp imot 300 vaksne individ. Dette er ein betydeleg auke samanlikna med rundt år 2000, då det berre var 50–80 individ attende i heile Skandinavia. På få år har avl og utsetjing, i kombinasjon med støtteforing synt seg å vera det mest effektive tiltaket for å styrke og re-etablere bestandar. Uttak av rødrev reduserer også presset på fjellrevbestanden der det er mykje av konkurrenten.

Sjølv om fjellreven framleis er rekna som kritisk truga i Noreg og truga i Sverige, gir den positive utviklinga grunnlag for optimisme.

Kontaktperson:

Arild Landa, seniorforsker i NINA
Telefon: 930 87 930
E-post: arild.landa@nina.no

Skriv ut
Søk etter nyheter
Nyhetsarkiv

Archive

Norsk institutt for naturforskning

NINA er en uavhengig stiftelse som forsker på natur og samspillet natur – samfunn.
Følg oss på: