News

 

Over halvparten av norske grunnskuleelevar har for lite uteområde på skulen

Published on: 19. February 2025
Author: Norges idrettshøgskole, NMBU og NINA

Ein ny rapport viser at 39 prosent av norske grunnskular har for liten skulegard. I byar er det berre 13 prosent som oppfyller minimumsnorma. 

Over halvparten av norske grunnskuleelevar har for lite uteområde på skulen
Foto: Vidar Iversen, CC BY SA 3.0

Rapporten har blitt laga på bakgrunn av ein omfattande kartlegging av 372 representative grunnskular over heile landet. 

Det er fyrste gong ein har fått tal på kor stor plass norske elevar har til å vere aktive i skuletida.

Den gjeldande minimumsnorma er at kvar elev skal ha 50 kvadratmeter kvar. 

– Uteområde har mykje å seie for borns utvikling, helse og trivsel, seier Emma Charlott A. Nordbø (NMBU), ein av forskarane bak rapporten. 
 
– Norma viser kommunane viktigheita av å prioritere nok plass til elevar, men til no har det vore uklart kor mange skular som faktisk oppfyller tilrådinga.

Rapporten er laga på oppdrag frå Helsedirektoratet, og blir grunnlaget i vidare arbeid med retningslinjer.

350 000 elevar har for lite uteområde

Funna frå forskarar frå NINA, NIH og NMBU viser at norske elevar i gjennomsnitt har 67 kvadratmeter per elev. 

Men det er store skilnadar mellom skular, og mange skular har svært små uteområde, særleg i byane. 

– Berre 13 prosent av grunnskulane i urbane strøk har stort nok uteområde. Det vil seie at over 350 000 norske elevar kvar dag har for liten plass i friminutta, seier prosjektleiar Zander Venter, forskar i Norsk institutt for naturforskning (NINA). 

Skeivfordeling forsterkar sosiale skilnader

Forskarane har også sett på kva type uteområde skulane har, og kva slags grøntareal som finst i nærleiken av skulen. Det vil seie i ein radius på 200 meter frå skulens eigedom. 

Her kjem byskulane dårleg ut på begge hald.

Skulane som har dei minste uteareala, har også mindre natur og naturlege element som gras, tre og sand/stein, og meir menneskapte overflater som asfalt, betong, gummifelt og kunstgras.

–  Det gir grunn til bekymring når vi ser at dei elevane som i utgangspunktet har minst tilgang til natur, også har dei dårlegaste skulegardane. Dette kan forsterke sosiale skille og sementere allereie eksisterande forskjellar i barns oppvekstvilkår, seier Venter.

Uteareal er avgjerande for helse og læring

Rapporten peikar også på andre konsekvensar for elevar på skular med små uteområde i urbane strøk. 

Lite natur kan påverke elevanes helse, trivsel og læring. 

– Når skulegardane blir mindre går det ofte utover tilgang til natur viser undersøkinga vår. Kvifor skal vi bry oss om det? Jo, fordi vi veit frå tidlegare forsking at tilgang på natur og grøntareal mellom anna gir betre læring, seier Vidar Ulset, førsteamanuensis ved Institutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier på NIH.

Tidlegare forsking har vist at det å ha natur rundt seg gir betre konsentrasjon, kan dempe ADHD-symptom og har mange positive helseutfall. 

Ulset meiner derfor at elevar på urbane skular har ei klar ulempe, og fortener meir tilgang på natur i skulekvardagen.

–  Kanskje vi burde tenkt heilt motsett? At elevar i tettbygde strøk burde bli kompensert for at dei bur og går på skule i by, og dermed fått tilgang til større uteområde og natur i skulegarden?

Les heile rapporten her
 

Print
Search for articles

Norwegian Institute for Nature Research

NINA is an independent foundation for nature research and research on the interaction between human society, natural resources and biodiversity.
Follow us on: