Nyheter

 

Kongens fortenestemedalje til NINA-forskar

Published on: 28. April 2010
Author: Camilla Næss

Tidlegare seniorforskar og forskingssjef ved NINA, Rolf Langvatn, mottok måndag Kongens fortenestemedalje i sølv for sin innsats knytt til norsk hjorteviltforvaltning.

Kongens fortenestemedalje til NINA-forskar
Foto © V. Veiberg/NINA

Langvatn var tilsett ved NINA, og NINAs forløparar, frå 1966 til han pensjonerte seg i juli 2008. I tillegg var han tilsett som professor ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) frå 1996-2006.

Etablering og drifting av tidsseriar knytt til overvaking av bestandssituasjonen hos hjorteviltartar har stått sentralt i Langvatn si forsking. Dette har resultert i unike dataseriar som har medverka til å gi Noreg ei leiande stilling i internasjonal hjorteviltforsking. Mykje av forskinga til Langvatn har vore nært relatert til forvaltningsmessig svært relevante problemstillingar. Eit anna kjenneteikn på arbeidet hans har vore tverrfagleg samarbeid og pionerverksemd innan metodar og instrumentering som i dag er etablert praksis innan viltforsking.
 
Rolf Langvatn sitt virke representerer eit sentralt kapittel innan norsk viltforsking, og med måndagens medaljetildeling er denne innsatsen også anerkjent av Kongen. Vi gratulerer Langvatn med tildelinga i trygg forvissing om at tida som pensjonert forskar framleis inneheld mange uløyste og engasjerande problemstillingar.
 

Rolf Langvatn og Inga Bruteig
Rolf Langvatn og Inga E. Bruteig. Foto © V. Veiberg/NINA

Print
Søk etter nyheter

Norsk institutt for naturforskning

NINA er en uavhengig stiftelse som forsker på natur og samspillet natur – samfunn.
Følg oss på: