Nyhetsartikkel

Bamse på fjellrevbesøk

Publisert 16.08.2016

Fjelloppsynsmann Jon Nørstebø som har tilsynet med fôrautomatar for fjellrev i Lesja, gjorde store auge då han vitja fôrautomaten vest i Lesjafjella no i sommar.

Foto Viltkamera/NINA
Foto Viltkamera/NINA

Kameraet låg på bakken og dei solide pålane det var montert på var brekt rett av. På bildebrikka var det tydeleg bevis for kven som var syndaren. Fôrautomaten hadde hatt besøk av ein stor brunbjørn.

Det var tydeleg at bamsen hadde vorte skikkeleg irritert då han ikkje fekk tak i maten inne i fôrautomaten, og klabba til pålane som viltkameraet var montert på. I tillegg var det solide bitemerke i tønnene som fôrautomaten er sett saman av. Automatane er fylt med hundepellets og designa for å berre gi tilgjenge for fjellrevar.

Enkelte automatar, spesielt i Lesjafjella, har hatt problem med «innbrot» av jerv, men dette er første gongen det er registrert bjørn. Uansett, noko mat vart det ikkje på bamsen her. Det er ikkje registrert fast tilhald av bjørn i desse fjelltraktene, men år om anna er det streifdyr innom.

Kontakt: Arild Landa

""
Foto viltkamera/NINA

""Foto viltkamera/NINA

   Motta nyhetsbrev fra nina